ingvild: (Default)
ingvild ([personal profile] ingvild) wrote2007-03-14 11:46 pm
Entry tags:

Årsmøtet i USO

Eg skriv visst ein del på norsk no for tida.

I dag hadde vi årsmøte i USO. Det største problemet til orkesteret er økonomien. Vi går med heidundrande stort underskot.

Sjølvsagt hjelp det ikkje at forrige års korsamarbeide med eit kor som skal få forbli namnlaust koret Glissando ikkje har blitt gjort opp for - kort fortald, dei skuldar USO pengar. Ein heil del pengar, faktisk.

Eit anna problem er lite publikum. Eg kjende med skuldig fordi eg ikkje hadde reklamert nok, men det var pokker ikkje berre mi skuld. Eg foreslo at til neste konsert kunne vi invitere skoleorkester eller skolekorps, der musikarane slipp inn gratis, men foreldra må betale. Alt for å få fleire tilskodarar. Alle er velkomne til å komme med idear.

Om nokon kjenner nokre amatørmusikarar i Bergensområdet, særleg messing og stryk, så er dei hjarteleg velkommen. Vi treng ikkje så stor blåsegruppe til neste konsert, men etter det er det bra med fleire.